Tiltak
• Etablere Kulturdialogen i Vestfold og Telemark
som ein arena for kulturpolitikarar og kulturaktørar
i fylket
• Arbeide for at det regionale nivået skal få ei større
rolle i den nasjonale kulturdialogen
• Etablere, drifte og/eller delta i nettverk saman med
kommunar og andre aktørar
• Tilby årlege program for kompetanseheving
internt
og eksternt i ein kompetansekalender
• Medverke til auka kunnskap om norsk språk som
kulturberar
• Gjere kvalitetssikra data og empirisk kunnskap frå
kulturområdet tilgjengelege på digitale plattformer
• Forsterke samarbeidet med offentlege organ og
forskingsmiljø om metodeutvikling
• Initiere relevante forskingsprosjekt med empiri frå
Vestfold og Telemark på kulturområdet
• Sørgje for at minst 97 % av dei freda bygningane
i privat eige har kjend tilstandsgrad
• Tette kunnskapshòl i kulturhistoria gjennom
forsking
og forskingsbasert forvaltningsarbeid
• Styrkje arbeidet med nyare tids arkeologi ved å
gjennomføre minst to konkrete prosjekt
• Registrere, dokumentere og greie ut herregardar
og herregardsmiljø og samle informasjonen
i ei
kunnskapsoversikt
• Setje saman og formidle kunnskap om mellomalderske
kyrkjestader
• Innhente og formidle kunnskap om Rjukan-Notodden
Industriarv i eit berekraftig perspektiv
• Styrkje rolla til biblioteka som formidlarar av
kvalitetssikra informasjon
• Innhente og dele kunnskap om anlegg, område og
aktivitetar for idrett og friluftsliv
• Kartleggje visningsstader for Den kulturelle
skulesekken
• Gjere minst halvparten av alle fylkeskommunens
kurs og konferansar på kulturområdet tilgjengelege
digitalt
• Byggje opp ein statistikkbank på bibliotekområdet
• Gi barn og unge tilbod om kurs for å styrkje
arrangørkompetansen
på kulturområdet
• Medverke til auka kunnskap om kultur som
næringsveg ved å kartleggje kulturell og kreativ
næring
• Medverke til auka kunnskap om aktivitets- og
publikumstrendar ved blant anna å gjennomføre
ei publikumsundersøking for heile fylket
• Kartlegge korleis kulturtilbodet når ut til menneske
med nedsett funksjonsevne og låg sosioøkonomisk
status gjennom å måle deltaking frå gruppene over
tid, blant anna gjennom publikumsundersøkinga
som blir gjennomført for heile fylket
• Medverke til å ta vare på og utvikle kunnskap om
tradisjonsuttrykk, slik som folkemusikk, folkedans
og tradisjonshandverk
• Måle samfunnsøkonomiske ringverknader av
kulturmiljø
som er tilskrivne nasjonal og/eller
vesentleg
regional verdi
• Måle økonomiske ringverknader av regionale
kulturarrangement
• Produsere ein podkast der kulturhistoria i fylket er
hovudtemaet
• Vurdere ei felles innkjøpsordning for Norsk kulturindeks
og Norsk idrettsindeks for kommunane
• Vere pådrivar for å samordne og styrkje arbeidet
med å bevare, tilgjengeleggjere og formidle
privatarkiv
i fylket
• Medverke til auka kunnskap om berekraftige og
innovative anskaffingar
• Medverke til auka kunnskap om frivillig sektor som
arena for inkludering og demokratilæring
• Medverke til auka kunnskap om kunstproduksjon
• Medverke til auka kunnskap om folkehelseeffektar
av kultur
• Tilby årleg studenthospitering
24