Kunnskap 23
Kultursektoren tek omsyn til eit vidt kunnskapsomgrep. Heile den menneskelege
erkjenninga
dannar yttergrensa for kva kunnskap er eller kan vere. Fylkeskommunen
er både produsent og formidlar av kunnskap innanfor dei fagområda kulturomgrepet
dekkjer:
bibliotekutvikling, friluftsliv, idrett, immateriell og materiell kulturarv, kunst,
kulturfrivilligheit,
museum og privatarkiv. Fylkeskommunen er òg pådrivar for delingskultur
på tvers av desse felta. Nettverk og møteplassar er viktige arenaer for å dele kompetanse
og få ny kunnskap. Fylkeskommunen driftar og deltek i ei rekkje nettverk på kulturområdet
og samarbeider med ulike forskings- og kompetansemiljø. Kulturformidling til barn og
unge og kunnskapsdeling mellom dei er ein viktig del av verksemda til fylkeskommunen.
Når det gjeld kunnskap om norsk språk som kulturberar, har fylkeskommunen et særleg
ansvar for å ivareta nynorsktradisjonane i fylket.
Mål
• Høg kulturfagleg kompetanse og delingskultur pregar heile kulturområdet
• Befolkninga har auka tilgang til kvalitetssikra kulturfagleg informasjon
• Styrkt kunnskapsproduksjon og metodeutvikling på kulturområdet
• Styrkt arrangørkompetanse på kulturområdet
• Eit solid kunnskapsgrunnlag om kultur og effektane om kultur i fylket