16
Henrik Ibsen
I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen blei fødd i Skien.
Oppveksten i byen inspirerte diktinga hans. Ibsen står i
ei særstilling i norsk litteraturhistorie som ein av verdas
fremste
dramatikarar. Han blir rekna som skaparen av
det moderne drama. Ibsen sine skodespel får stadig ny
aktualitet
og blir spelte verda over.
Regionale kultur-arrangement
Kvart år blir det gjennomført
forskjellige
regionale kulturarrangement
i fylket innanfor ulike
fagområde og sjangrar, for eksempel
festivalar, framsyningar, konsertar,
marknader, meisterskapar, spel og
større utstillingar. Felles for desse er
at dei er identitetsskapande, har eit
publikumstilfang utover dei enkelte
kommunegrensene og bidreg til å
sette Vestfold og Telemark på
arrangørkartet.
Edvard Munch
Edvard Munch (1863–1944) er ein
av dei viktigaste kunstnarane innan
modernismen. Eksperimenteringa
han dreiv med innan film, foto,
grafikk, måleri, teikning og
skulptur
har gitt Munch ein unik
posisjon i norsk og internasjonal
kunsthistorie.
Heimen
hans i Åsgårdstrand er
teken vare på og fleire av bileta
til Munch har motiv frå området.
Han budde også i Kragerø. Der
finn vi den einaste Munch-statuen
i landet. Munch blir i dag formidla
både analogt og digitalt til stadig
nye publikumsgrupper.